Sveiseparametere· Prosedyrar· Sjekklister· Notat· Fagleg AI-veiledning· Tryggare start på kvar sveis· Alt på nynorsk·
ARCPILOT
ARCPILOT
00 — Pilotfase 2026 · søker partnarar

Digital sveiseassistent

for lærlingar, faglærarar og verkstader.

ArcPilot samlar sveiseparametere, prosedyrar, sjekklister, notat og fagleg AI-veiledning i eitt praktisk verktøy.

Tryggare start på kvar sveis

Alt du treng — samla på éin plass
Kalkulator Prosedyrar & sjekklister Spør Magnar Sveiselogg
Kalkulator/ Magnar/ Sveiselogg
Rull ned
01 — Problemet

Mange elevar, lærlingar og nye sveisarar brukar mykje tid på å finne riktige startverdiar, forstå val av parametrar og dokumentere det dei lærer.

Mykje fagkunnskap ligg framleis i hovudet til erfarne fagfolk, i gamle dokument eller spreidd mellom ulike system.

Sveiseopplæring treng
betre digitale verktøy.

01
Det kan vere vanskeleg å vite kvar ein skal starte.
02
Prosedyrar og sjekklister blir ikkje alltid brukt aktivt.
03
Lærlingar dokumenterer ofte for lite av eigne innstillingar.
04
Faglærarar og instruktørar må gjenta mykje av den same rettleiinga.
05
Bedrifter treng meir struktur i opplæring og kvalitet.
02 — Løysinga

ArcPilot gjer sveiseopplæring meir strukturert, tilgjengeleg og praktisk.

Appen gir brukaren eit enkelt utgangspunkt for parametrar, prosedyrar, sjekklister og eigne notat — samtidig som AI-mentoren Magnar kan forklare faglege tema på ein lett forståeleg måte.

Det ArcPilot samlar
Sveiseparametere·Prosedyrar· Sjekklister·Notat· AI-veiledning·
03 — Funksjonar

Alt du treng —
samla på éin plass.

Bygd for kvardagen i verkstad og klasserom. Designa for å vere raskt å bruke med hanskar på, både på mobil og laptop.

F.01

Sveiseparameterkalkulator

Finn veiledande startverdiar basert på prosess, materiale og godstykkelse.

Sveiseparameterkalkulator i ArcPilot
Fig. 03.1 — Kalkulator
F.02

Spør Magnar

Fagleg AI-veiledning som kan forklare sveising, metodar og praktiske problemstillingar.

AI-mentoren Magnar i ArcPilot
Fig. 03.2 — Magnar
F.03

Prosedyrar & sjekklister

Få betre struktur før, under og etter sveising.

Prosedyrar og sjekklister i ArcPilot
Fig. 03.3 — Prosedyrar
F.04

Sveiselogg

Lagre eigne innstillingar, erfaringar og læringsnotat.

Sveiselogg / notatbok i ArcPilot
Fig. 03.4 — Sveiselogg
MAGNAR
Magnar
Møt Magnar
AI-mentoren som forklarer faglege tema på ein lett forståeleg måte.

Magnar er den faglege AI-veiledninga i ArcPilot — og kan forklare sveising, metodar og praktiske problemstillingar.

04 — For kven

Bygd for dei som lærer, underviser og jobbar med sveising.

Skular

For elevar & faglærarar i VGS

ArcPilot kan gi elevar eit praktisk støtteverktøy i sveiseopplæringa. Målet er å hjelpe elevar å forstå parametrar, følgje sjekklister og dokumentere eiga utvikling.

Pilot for VGS
Opplæringskontor

Struktur på tvers av medlemsbedrifter

ArcPilot kan støtte lærlingar og instruktørar på tvers av medlemsbedrifter, og bidra til meir strukturert opplæring og fagleg oppfølging.

Pilot for opplæringskontor
Verkstader

For verkstad & industri

ArcPilot kan hjelpe lærlingar og nye medarbeidarar med raskare tilgang til fagleg støtte, standardiserte sjekklister og betre dokumentasjon.

Pilot for bedrift
05 — Pilotprogram

Vi søker pilotpartnarar.

ArcPilot er no i pilotfase. Vi søker skular, opplæringskontor og verkstader som ønskjer å teste verktøyet i praksis og vere med å forme vidare utvikling.

Ein pilot kan inkludere
  • Tilgang til ArcPilot for ei utvald gruppe.
  • Kort onboarding og demo.
  • Testing i reell undervisning eller verkstad.
  • Tilbakemeldingsmøte undervegs.
  • Moglegheit til å påverke vidare utvikling.
  • Pilotrapport eller evaluering ved behov.
06 — Bakgrunn

Bygd av ein sveiser — for sveising i praksis.

ArcPilot er ikkje bygd frå eit kontor langt unna verkstaden. Det er utvikla av Andreas Ommedal Aa, som har jobba i industrien sidan han var 16 år, med erfaring som både industrimekanikar og sveiser.

I 2026/2027 representerer han Noreg som landslagsutøvar i sveisefaget. Gjennom fleire år i verkstad, opplæring og konkurransesveising har Andreas sett kor viktig det er med gode startverdiar, strukturert rettleiing og lett tilgjengeleg fagkunnskap.

ArcPilot er bygd for å samle dette i eitt praktisk verktøy — slik at elevar, lærlingar, faglærarar og verkstader får betre støtte i kvardagen.

Fagleg støtte — ikkje erstatning for fagleg ansvar.

ArcPilot gir veiledande startverdiar og fagleg støtte. Verktøyet erstattar ikkje faglærar, sertifiserte sveiseprosedyrar, WPS, arbeidsgivar sine krav eller brukaren si faglege vurdering.

07 — Kontakt

Vil du teste ArcPilot?

Vi er interessert i kontakt med skular, opplæringskontor og bedrifter som ønskjer å teste ArcPilot i praksis. Ta kontakt for demo, pilot eller samarbeid.

Vi svarer normalt innan 1–2 verkedagar.